Kinokaos!

17 Apr 2021

The African Queen (1951)

The African Queen er ein modig eventyrfilm frå den legendariske hollywoodregissøren John Huston med dei legendariske hollywoodstjernene Humphrey Bogart og Katharine Hepburn.

Me er i aust-Afrika under starten på fyrste verdskrig. Tyske soldatar brenner ned bygda britiske misjonær Rose (Hepburn) held til i. Med frykt for at dei tyske soldatane skal kome tilbake, flykter ho saman med den kanadiske båtføraren og handymannen Charlie (Bogart) ned ei elv. Rose kjem snart opp med idéen å bygga ein torpedo slik at dei kan ta hevn mot tyskarane og hjelpe dei britiske soldatane inn i Afrika. Charlie er skeptisk i begynnelsen, men godtar til slutt. Det som følger er eit elvhelvete, kor hovudkarakterane må kjempe mot sterke naturkrefter på veg nedover elva. Men til tross for elendigheten er det kjærleik å finne.

Katharine Hepburn og Humphrey Bogart

Katharine Hepburn og Humphrey Bogart

The African Queen er ein modig film for Hollywood, ikkje berre fordi dei slo saman to av dei største stjernene frå perioden og ga ut filmen i farge (ikkje typisk for 50-talsfilmar, sjølv om teknologien hadde vore tilgjengeleg i meir enn 20 år), men fordi dei filma mesteparten i Afrika. Dei sparte heller ikkje på spesialeffektkruttet: dokker, “green screen” og noko sjarmerande myggeffekter og sjølv om ingen av desse er fullkomne, kan ein beundra forsøket.

Som forventa gir både Bogart og Hepburn sterke framføringar. Eg var redd kjemien mellom dei ville kome fram kunstig, men han er faktisk ganske autentisk, dog litt spesiell, då verken av rollene er typisk for Hollywood.

Filmen har godt tempo og ein får mykje spenning ut av dei 105 minuttene filmen varer. Ha godt i vente dei fargefulle dyreimitasjonane til Bogart.