Kinokaos!

18 Apr 2021

Fargen på granatepler (1969)

Fargen på granatepler (The Color of Pomegranates på engelsk og Նռան գույնը på armensk) er eit eksempel på film kor den narrative strukturen blir abstrahert nesten heilt vekk, men ikkje borte.

Den 78-minutter lange armenske filmen frå 1969, regissert av Sergei Parajanov, er ei laus biografisk skildring av livet til den armenske poeten Sayat-Nova. Gjennom fantastiske, abstrakte og til dels ubehagelege scenar gir filmen oss ei skildring av armensk liv og kultur på 1700-talet. Det er nesten ingen dialog, men konsistente mellomtekstar gir noko narrativ struktur.

Poeten er — gjennom heile livet — deprimert og undrar på kvifor akkurat han må lida. Filmen er full av kristen symbolikk, og det er fleire scenar som gir uttrykk for forskjellige formar for “kristen angst” poeten lider gjennom tida som barn, voksen munk og gammal man.

Sofiko Chiaureli ser ut som eit enzym som leser ein DNA-sekvens

Sofiko Chiaureli ser ut som eit enzym som leser ein DNA-sekvens

Fargen på granatepler er ein anna type film, og bør derfor tolkast på ein anna måte. Det er vanskeleg å kritisera handlingsstrukturen, då det er så lite av han. I staden er ein nødt til å sjå filmen frå eit meir “spirituelt” perspektiv, meir som enn ville ha gjort eit måleri.

Eg vil trekka fram at cinematografien, lydeffektene og regien er av høg kvalitet og filmen fortener å bli sett berre på dette grunnlaget. Filmen kan bli kjedeleg viss du forventer spenning eller berre eingong dialog, men lengden er god, og viss du er forberedt kan du oppleva sannsynlegvis ein av dei finaste filmane nokonsinne.