Rosita (1923)
Stillefilmar frå 1920-talet har ein spesiell sjarm, og Rosita (1923) er ikkje eit unntak. Filmen er basert på den franske operaen Don César de Bazan (1872) og tar sted i den spanske byen Seville under eit karneval den satyriske kongen (Holbrook Blinn) har arrangert for å blidgjera sin elendige befolkning.

Mary Pickford og George Walsh
Hovudpersonen Rosita (Mary Pickford) er ei fattig — men folkeelska — gatesangerinne som blir arrestert etter å ærekrenka kongen i ein song. Under arrestasjonen hennar prøver greven Don Diego (George Walsh) å redde henne, og det ender med at begge blir arrestert. Resultatet er eit kjærleikstriangel mellom Rosita, Don Diego og kongen.
Filmen var eit vendepunkt i karrieren til Mary Pickford, viss firma United Artists (starta saman med mellom anna Charlie Chaplin) hadde lidd økonomisk det siste året. Pickford rekruterte tyskeren Ernst Lubitsch til å regissera ein film me ho, men det var usemje om temaet. Mellom anna var ein filmatisering av Faust vurdert, men dei endte opp med den franske operaen Don César de Bazan (1872).
Rosita er ein enkel, men skjønn og velprodusert kjærleikskomedie. Pickford og Walsh har god kjemi, men Pickford står på eigne bein mesteparten av filmen og gir ei lysande framføring.