The Stalking Moon (1968)
Er det muleg å bli lei av westernfilmar? Dei siste eg har sett har brakt noko ekstra til sjangeren. The Stalking Moon, regissert av Robert Mulligan, bringar med seg elementer frå bildungsroman, romantiske filmar og grøssarar i ei interessant blanding.
Historia — som er basert på ein roman av T. V. Olsen — følgjer kort fortalt soldaten Sam Varner (Gregory Peck) som hjelper ei kvit kvinne Sarah Carver (Eva Marie Saint) og sonen hennar flykte frå faren til sonen, den brutale apacheindianaren Salvaje. Varner og Carver og sonen hennar kjem til den sekluderte gården til Varner. Livet er godt, heilt til Salvaje finn gården.

Robert Mulligan og Eva Marie Saint
Siste del av filmen, kor Salvaje og Sam Varner slåss, har tydelege grøssartrekk. Ein kan sjå på Salvaje som “monsteret”: ein mystisk, sterk fiende som går rundt og dreper. Det er mykje suspens, med passande musikk. Dessverre blir suspensen holdt opp for lenge, og det drar ut, til at det blir noko kjedeleg før klimakset.
Peck er kjekk som alltid, og gir for det meste — med unntaket av deler av slutten — ei grei framføring. Saint gir ei betre framføring, men eg samner betre samspel mellom ho og Peck. Filmen har fleire gode idear, men desse har meir potensial.
Alt i alt er filmen verdt minutta, om ikkje berre for dei innovative ideane, sjølv det ikkje er ein av dei beste westernfilmane frå 60-talet.